Fangar opp kyr med svak brunst

24. januar 2022

Svein Arne Nærland ville ha med drøvtygging då han skulle kjøpe aktivitetsmålar. Difor takka han nei til aktivitetsmålaren til DeLaval og kjøpte SenseHub i staden.

Saken er tidligere publisert i Bondevennen, og gjengitt med tillatelse fra dem.

Skrevet av Liv Kristin Sola

Svein Arne Nærland er innom SenseHub-appen fleire gonger om dagen. Her får han melding om kyr og kviger som kjem i brunst. Brunst gir tydeleg utslag på høg aktivitet og låg drøvtygging.

– Aktivitet i lag med drøvtygging gir ei klar melding om at kyr er i brunst. Men også kyr som er drektige kan ha høg aktivitet, men då viser dei ikkje same dropp i drøvtygginga, seier Svein Arne.

Foto: Svein Magne Nærland fanger opp dyr med svak brunst med aktivitetsmåleren SenseHub
Mykje info i drøvtygging: Svein Arne var fast bestemt på å ha drøvtygging då han valde aktivitetsmålar. Foto: Bondevennen

Meir enn brunst

Låg drøvtygging betyr lågt fôropptak. Ikkje unaturleg i samband med brunst, men meir kritisk i perioden etter kalving. Difor er drøvtyggjarfunksjonen eit viktig hjelpemiddel, spesielt i vekene etter kalving.

Berre 24 år gammal overtok Svein Arne heimegarden, som han driv i lag med kona, Marit Wiig Nærland. For to år sidan bygde dei lausdriftsfjøs med mjølkerobot. Kvoten er tett oppunder 400 tonn. Alle oksane vert fôra fram til slakt. Fjøset har 57 liggebåsar, men per no er det 42 kyr som mjølkar. Høgt tørrstoff­innhald er viktigare enn høg yting, og målet er å få fram ein god stamme som både mjølkar godt, har god slaktevekt og eit godt jur.

Foto: Svein Arne Nærland valgte SenseHub blant annet på grunn av drøvtyggerfunksjonen
God oversikt: Programmet gir ein god oversikt blant anna over brunst, varigheit og styrke på brunsten, laktasjonar, og om kua truleg er drektig. Foto: Bondevennen

Fangar opp kyr med svak brunst

Svein Arne følgjer framleis godt med på aktivitet i fjøset og dei aller fleste brunstane ville han truleg oppdaga sjølv.

Aktivitetsmålaren er som ein sparringpartnar som stadfestar mine observasjonar, seier han.

Bonden prøvde å permittere brunstkalenderen, men det gjekk ikkje.

– Den er gull, uansett, seier han.

Han har delt flokken i tre grupper; kviger, kyr og problemkyr. Den siste gruppa er kyr med svak brunst. Løysinga er å sette ned grenseverdien for aktivitet, slik at det skal mindre aktivitet til for å gi utslag og alarm på brunst. På denne måten klarar systemet å fange opp brunst på fleire kyr enn bonden klarer sjølv.

– Dei aller fleste viser god brunst, men det er viktig å fange opp kyr med svak brunst, som ofte er kyr med høg yting. Det klarer eg betre med dette systemet, seier Svein Arne.

Han har femti halsband med transponder og flyttar litt rundt på dei etter kvart som dyra er konstatert drektige. På Facebook har dei ei gruppe for bønder med SenseHub, og OS ID gir brukarstøtte når det trengst.

– Eg bruker synet, Kukontrollen og brunstkalender, og supplerer med aktivitetsmålaren, summerer Svein Arne.

Er SenseHub noe for deg?

OS ID samarbeider med Geno om salg av SenseHubKontakt Genos erfarne konsulenter for en aktivitetsmålingsprat, eller fyll ut skjemaet nedenfor, så kontakter Geno deg

Ja, jeg ønsker å vite mer om SenseHub og vil gjerne bli kontaktet!