Stolar på aktivitetsmålaren

23. januar 2022

Dan Magne Hinnaland fekk inseminert 14 kyr medan han var på ferie i sommar – berre basert på informasjon frå aktivitetsmålaren og hjelp frå avløysaren.

Saken er tidligere publisert i Bondevennen, og gjengitt med tillatelse fra dem.

Skrevet av Liv Kristin Sola

I fjøset til Dan Magne Hinnaland står rundt 40 mjølkekyr på bås. Oksekalvane vert selde og kvigene fôra fram for påsett. Bonden innrømmer at brunst og inseminering er noko av det vanskelegaste han gjer. Men i år vart det ei betring.

Ei god investering

Med vårbære kyr vert det mykje inseminering om sommaren. Bonden legg ikkje skjul på at eit par veker ferie i starten av juli er med og skyv på kalvingstidspunktet. Meir enn ein gong har han slakta ut gode kyr som ikkje tek kalv.

Etter ein prat med Tine-rådgivaren bestemde Dan Magne seg for å investere i aktivitetsmålaren SenseHub. Han fekk heim transpondarar til å feste i øyrene på dyra, og sette opp ei antenne ved enden av fôrbrettet.

– Det kosta meg 50-60 tusen, men vert det fleire kyr som tek kalv til rett tid er det verd kvar ei krone, seier Dan Magne.

Mykje kan tyde på at det kan skje. I sommar var han på ferie i nord. På elleve dagar inseminerte han 14 kyr, berre ved å stole på aktivitetsmålaren.

– Då melding om ku i brunst tikka inn på mobilen, bestilte eg inseminør og fekk avløysaren til å halde kyrne inne, seier Dan Magne.

Dan Magne Hinnaland stoler på aktivitetsmåleren SenseHub
I øyret: I båsfjøs er transpondar i øyret ei god løysing. Foto: Bondevennen

Mindre bruk av okse

Dan Magne og kona Anette disponerer 380 dekar dyrka jord som vert nytta til gras- og kornproduksjon. Mjølkekvoten er i underkant av 300 tonn. I tillegg har dei 7500 verpehøns og 30 vinterfôra sau.

Dei har 250 dekar beite og beitesesongen strekker seg frå mai til oktober. Med mange vårbære kyr kan dei levere mykje mjølk på godt beitegras og oppnå ein høg mjølkepris.

– Eg er ikkje spesielt interessert i avl, men vil ha gode dyr. Difor har eg ekspertar til å sette opp avlsplanen, seier Dan Magne.

Med meir treffsikker inseminering er målet å halde gode kyr lenger og redusere bruken av eigen okse.

– I praksis er nok 50-60 prosent av kalvane etter eigen okse. Det er for mykje. Det er nok at eg nyttar okse på kvigene, seier han.

I fjøset står kvigene oppstalla i bingar i ein vinkel, bak ein betongvegg. Likevel får han melding om kviger som er i brunst i vinterhalvåret.

Foto: Dan Magne Hinnaland stoler på aktivitetsmåleren SenseHub
Full kontroll: Same kor han er i verda, har Dan Magne kontroll på brunsthelse i fjøset. Foto: Bondevennen

Utfordring i vintersesongen

Sjølve programmet meiner han er enkelt å bruke, og det er lett å registrere dyr. Informasjonen må oppdaterast etter kvart som dyra vert inseminert eller kalvar. Også Dan Magne har eit auge med drøvtygginga for å oppdage dyr som ikkje er i form.

– Det er aller viktigast når eg har avløysar. Når drøvtyggjar-alarmen går får eg avløysaren til å sjekke kua, seier Dan Magne.

SenseHub har fungert godt i beitesesongen. Bonden er meir i tvil om nytten vinterstid når kyrne står oppstalla på bås. Grensa for aktivitetsalarm er sett til lågaste nivå, men han får lite utslag.

– Det er mi erfaring, men det kan vera annleis hjå andre, seier han.

Dan Magne Hinnaland stoler på aktivitetsmåleren SenseHub
Melding om brunst: Når eit dyr er i brunst tikkar det inn informasjon på mobilen. Foto: Bondevennen
Dan Magne Hinnaland stoler på aktivitetsmåleren SenseHub
Aktivitet og drøvtygging: Når kua er i brunst går aktiviteten opp og drøvtygginga ned. Foto: Bondevennen

Er SenseHub noe for deg?

OS ID samarbeider med Geno om salg av SenseHubKontakt Genos erfarne konsulenter for en aktivitetsmålingsprat, eller fyll ut skjemaet nedenfor, så kontakter Geno deg.

Ja, jeg ønsker å vite mer om SenseHub og vil gjerne bli kontaktet!