Enklare kvardag

11. august 2023

For Eirik Voll og sonen Anders betyr SenseHub ein meir effektiv arbeidsdag, utan at det går ut over dyra. Heller tvert om.

Saken er tidligere publisert i Bondevennen 19/23, og gjengitt med tillatelse fra dem.

Skrevet av Liv Kristin Sola

– I ei stor drift må dei daglege tinga, som fôring og mjølking, gjerast enkelt. Og i ein travel kvardag treng me eit system som varslar brunst og kalving, seier Eirik Voll.

Eirik driv med kylling, økologisk, tomatar og mjølk, med 360 tonn i kvote og 47-48 jerseykyr i robotfjøs. Han nytter berre kjønnsseparert sæd og sel livdyr. Då er det spesielt viktig å ha is i magen og vente til rett tidspunkt for inseminering.

Foto: Enklare kvardag med SenseHub
Redusert innkalvingsalder: Jerseykvigene vert inseminerte rundt 13 månader, og har få omløp. Resultatet er ein innkalvingsalder på 22 månader. Foto: Liv Kristin Sola

Sonen Anders er tømrar, men aktivt med i drifta. Dei var tidleg ute og tok i bruk SenseHub, og har systemet i alle kviger og kyr. Enda lenger har dei hatt eit varslingssystem for kalving.

– Me må vere til stades når det er brunst og kalving, men det går mykje tid om me skal springe inn og ut or fjøset for å sjekke, når vi kan bruke teknologi til slikt. Slike system er til enorm hjelp i kvardagen for oss bønder, seier Eirik Voll.

Han likar å prøve ut ny teknologi, og meiner det er viktig å henge med i utviklinga både for eigen del, men òg for neste generasjon. Og Anders er vel så oppdatert som far sin om kva som skjer i fjøset, sjølv om han er på jobb på dagtid.

Foto: SenseHub-bruker Anders Voll
God kontroll: Anders er inne på systemet fleire gonger om dagen for å halde seg oppdatert. Mest på telefon, men også frå kontoret i fjøset. Foto: Liv Kristin Sola

Varslar om helse

Jersey kalvar lett, men kan vere utsett for mjølkefeber. Med helseindikatoren får dei varsling om det blir dropp i drøvtygginga.

– At kua ikkje et, er eit varsel om sjukdom, at kua må sjekkast, seier Anders.

Og det kan gå fort.

– Av og til ser du ingenting, neste dag er ho sjuk. Då er det viktig med eit tidleg varsel, seier han.

Dei sjekkar framleis drektigheit, men meiner det eigentleg er overflødig.

– Kyr som ikkje har vore aktive på seks veker er drektige, seier Anders.

– Dette funkar, utan tvil. Me har god kontroll på buskapen og kvardagen er enklare med eit slikt system, seier Eirik Voll.

Han trur det vil skje mykje i landbruket framover og gler seg til å ta del i det. – Den moderne bonden må ha kontroll i alle ledd, og gjere smarte ting som monner, seier Eirik.

Foto: SenseHub-bruker Eirik Voll
Eirik Voll. Foto: Liv Kristin Sola

Interessert i SenseHub?

Bruker du ikke SenseHub ennå, men tror at dette kan være noe for deg? Kontakt Genos erfarne konsulenter for en aktivitetsmålingsprat, eller fyll ut skjemaet nedenfor, så kontakter Geno deg.

Ja, jeg ønsker å vite mer om SenseHub og vil gjerne bli kontaktet!